Av dei 38 søkjarane er fem praktikantar plukka ut til å danne kull 38 på NRK Nynorsk mediesenter.
– Desse er vi trygge på er motiverte og klare for å bli nynorskbrukande journalistar. Dei har spennande bakgrunnar, er godt samfunnsorienterte og har eit engasjement i botn. Det er noko av det vi ser etter når vi intervjuar aktuelle kandidatar, seier leiar for NRK Nynorsk Mediesenter, Rune Fossum Lillesvangstu.
Her er praktikantane:
Hedda Kurseth (fødd 2000), frå Sykkylven i Møre og Romsdal
Hedda Kurseth har ein bachelor i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen, og ho studerer no TV-produksjon same stad. I studietida har ho vore aktiv i både studentavisa Studvest og studentradioen i Bergen. Sist sommar var ho tilsett i avisa Nyss, som dekkjer Sykkylven og Stranda. Den nysgjerrige sunnmøringen har drøymt om å bli journalist sidan ho gjekk på ungdomsskulen. Ho har heile vegen vore oppteken av å produsere innhaldet på nynorsk, som er ein stor del av identiteten hennar.
Synne Sandven (fødd 1995), frå Sykkylven i Møre og Romsdal
Synne Sandven har ein bachelorgrad i midtaustenstudiar og arabisk frå Universitetet i Oslo, og i samband med det har ho vore på utvekslingsopphald i Kairo. Ho har studert marknadsføring og salsleiing, og har mykje erfaring frå arbeid på kafear og barar i Oslo. Dei to siste åra har ho også arbeidd som direktetekstar, og her har ho teksta tv-program på direkten, lest korrektur og førehandsteksta program, i Biovisjon og NRK. I denne jobben har ho oppdaga nynorsken på ny, og ho gler seg til å få nynorsk som arbeidsspråk på heiltid.
Annvor Seim Vestrheim (fødd 1995), frå Voss i Vestland
Annvor Seim Vestrheim leverte frå seg masteroppgåva om incels, menn som lever i ufrivillig sølibat, denne hausten. Med det avslutta ho eit seks år langt opphald i Canada, med studiar i statsvitskap ved Quebec Universitetet i Montreal. Ho har også ein bachelorgrad i fransk frå Universitetet i Bergen, og i studietida her var ho engasjert i studentradioen. Frå 2021 har ho arbeidd som konsulent i helse- og miljøavdelinga i Oslo kommune. Mobbing av nynorsk er ein av få ting som kan provosere vossingen.
Oda Bjønnes Hanslien (fødd 2000), frå Tananger i Rogaland
Oda Bjønnes Hanslien har ein bachelorgrad i journalistikk frå Universitetet i Stavanger. Gjennom studia har ho hatt praksis i avisa Ryfylke, der ho fekk nytte nynorsk. Ho har også hatt praksis i Stavanger Aftenblad i Byas-redaksjonen, og i tillegg vore sommarvikar og vikar i ulike redaksjonar i same avis. Ho saknar å arbeide i eit nynorsk miljø, og er oppteken av å fortelje historiene til dei som ikkje skrik høgast om merksemd.
Ingrid Turtum(fødd 1996), frå Vågå i Innlandet
Ingrid Turtum går frå lærarjobb i Oslo-skulen til NRK Nynorsk mediesenter. I tillegg til lærarutdanning frå NTNU har ho også studert statsvitskap same stad. Ho har vore engasjert i målungdomen, Røde Kors og vore leksehjelp i Flyktinghjelpen. Ho har også ein periode bak seg i Vågå kommunestyre for Arbeiderpartiet. Ho vil vere med og løfte fram nynorsk og dialekt i media, og håpar praktikanttida kan bli eit springbrett inn i journalistikken.
Har hatt 190 praktikantar
– Vi gler oss veldig til å ta imot dei og starte opplæringa. Tida går fort, så vi er allereie i gang med planlegging og førebuing, seier Rune Fossum Lillesvangstu.
Når kull 38 no er tilsett har totalt 190 personar vore gjennom det seks månadar lange opplegget sidan oppstarten i 2004.
Kull 38 byrjar på opplæringa ved NRK Nynorsk mediesenter i Førde måndag 2. januar. Dei skal vere ferdige med halvåret som praktikantar i slutten av juni 2023.