Hopp til innhold
Info fra NRK

Kull 38 på plass i Førde

Fem nye praktikantar er klare til fire hektiske og lærerike månadar i Førde og NRK Vestland.

Kull 38 vad NRK Nynorsk mediesenter. Frå venstre; Oda Bjønnes Hanslien, Annvor Seim Vestrheim, Synne Sandven, Hedda Kurseth og Ingrid Turtum.

KULL 38: Dei fem praktikantane som er del av kull 38 er, frå venstre; Oda Bjønnes Hanslien, Annvor Seim Vestrheim, Synne Sandven, Hedda Kurseth og Ingrid Turtum.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Med kull 38 på plass i Førde, har 190 praktikantar vore innom dørene sidan oppstarten.

– Vi er, som alltid, spente på korleis dei komande månadane blir og ikkje minst på å bli kjende med dei fem i kull 38. Det er alltid inspirerande å få nye folk inn, som har ulike bakgrunnar, interesser og synspunkt, seier leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Rune Fossum Lillesvangstu.

Dei fem som utgjer kullet er Hedda Kurseth frå Sykkylven, Synne Sandven frå Sykkylven, Annvor Seim Vestrheim frå Voss, Oda Bjønnes Hanslien frå Tananger og Ingrid Turtum frå Vågå.

I januar og februar får dei opplæring på mediesenteret i journalistikk, teknisk utstyr, foto og video, i tillegg til eigne språkdagar og mykje anna. Førelesarane er først og fremst faglærarane ved mediesenteret, Brit Jorunn Svanes og Eva Marie Felde, i tillegg til innleigde ressursar frå NRK Vestland. Noko av opplegget blir gjennomført i samarbeid med Nynorsk Avissenter.

– Vi er tilhengarar av å lære-ved-å-gjere, og allereie første veka leverer dei utkast til saker. Så å seie all journalistikken dei lagar har vi som mål om at blir publisert, seier Lillesvangstu.

I mars og april blir dei fem fast inventar i NRK Vestland sin redaksjon i Førde, der dei får mengdetrening i alt dei har lært og gått gjennom dei føregåande månadane. Dei får mellom anna også fagleg påfyll av Senter for undersøkande journalistikk, ein tur til ulike redaksjonar i NRK på Marienlyst, og MCB i Bergen, med TV 2, BT og NRK.

I mai og juni er dei klare for praksis i eksterne redaksjonar. Kull 38 blir det siste i NRK sine noverande lokale på Prestebøen i Førde. Våren 2023, og ved oppstart av kull 39 er også NRK Nynorsk mediesenter på plass i Nynorskhuset i Førde.