– Det er ein svak nedgang i søkartal frå dei to siste kulla, men ikkje meir enn vi må rekne med som naturleg svinging. Det viktigaste er at søkarane er gode, og det er dei definitivt, seier Rune Fossum Lillesvangstu.
Han er leiar ved NRK Nynorsk mediesenter og ser fram til å komme i gang med den vidare prosessen. Det vil gå nokre dagar til å lese søknadar, og deretter blir dei første aktuelle kandidatane kalla inn til digitale jobbintervju.
Kull 40 startar på NRK Nynorsk mediesenter i byrjinga av januar. Praktikantane skal då gjennom ei spennande opplæring, før det blir praksis i NRK Vestland og ulike redaksjonar rundt omkring i NRK. Praktikantperioden er ferdig i slutten av juni.