– Vi tek inn folk med alle slags bakgrunnar. Du kan vere bakar, prest eller ingeniør – og du kan komme frå Troms, Halden eller Arendal. Alt av kombinasjonar og bakgrunnar er interessant, så lenge du er samfunnsengasjert og glad i å formidle, seier leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Rune Fossum Lillesvangstu.
Vi søkjer fem praktikantar som kan bidra til at NRK når ut til publikum i heile landet med saker på nynorsk. Du må ha fullført vidaregåande skule, og sende ein søknad som syner kvifor du har det som skal til.
Søknadsfristen er 15. oktober, og kort tid etter søknadsfristen blir aktuelle kandidatar kalla inn til intervju.
Springbrett inn i NRK
I løpet av eit spennande og kjekt halvår som nynorskpraktikant vil du få grundig opplæring i NRK sine verktøy og teknikkar for å lage saker på ulike plattformer.
Du får lære å skrive nettsaker og lage reportasjar for radio og TV. Du får rettleiing i å gjere intervju, å bruke stemma og å vere direktereporter – i tillegg til mykje anna.
Julie Haugen på kull 39 har på få veker fått opplæring for å kunne beherske det å vere både framfor og bak kamera og mikrofon.
Foto: Ingrid Byggland / NRKOpplæringa går føre seg i splitter nye og moderne lokale i Nynorskhuset midt i Førde sentrum. Og praktikantane som kjem inn, får også prøve seg i ein av dei mange redaksjonane rundt om i NRK.
NRK Nynorsk mediesenter har så langt lært opp 195 nynorskpraktikantar. Mediesenteret ser no etter fem praktikantar til kull 40, og dermed blir éin av dei praktikant nummer 200.
– Held du deg oppdatert, diggar du nyhende og har eit blikk for saker som treffer eit ungt publikum, så gler vi oss til å lese søknaden din, seier Lillesvangstu.