Hopp til innhold
Info fra NRK

Mange vil bli nynorskpraktikant

39 personar har søkt om å bli del av kull 39 ved NRK Nynorsk mediesenter.

Eva Marie Felde, Rune Fossum Lillesvangstu og Brit Jorunn Svanes i studio K1 i Førde.

LÆREKREFTER: - Vi er spente på kven som kjem inn dørene våre i august og blir del av kull 39, seier faglærar Eva Marie Felde (t. v), leiar Rune Fossum Lillesvangstu og faglærar Brit Jorunn Svanes.

Foto: Arne Stubhaug

– Vi er glade for at mange ynskjer å bli nynorskpraktikantar i NRK. Det er stor variasjon i bakgrunn, utdannings- og arbeidserfaring, noko som vi er særs glade for å sjå, seier leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Rune Fossum Lillesvangstu.

Desse har søkt på kull 39:

Ragnar Falch Fossheim (19)

Oslo

Julie Haugen (22)

Hornindal

Trond Kjetil Høgsaas (26)

Kristiansand

Tonje Nes Johannessen (31)

Mosterhamn

Lina Kristine Sørbø (25)

Eikefjord

Sjur Systad Tyssen (34)

Førde

Mari Helene Sørgård (33)

Bergen

Synnove Gabrielsen (32)

Haugesund

Martin Værum Anda (27)

Laksevåg

Jarand Aga Baas (26)

Line Cecilia Molven Fjellro (32)

Rådal

Rita Auestad (23)

Lillehammer

Siv Stavang Aune (27)

Bodø

Kristianne Fagerli (21)

Barmen

Lars Erling Olsen Tormodsgard (25)

Trondheim

Lea Marie Glomnes (24)

Oslo

Ingrid Byggland (32)

Vinje

Oda Frigg Endregaard (32)

Voss

Jon Sigurd Heli (28)

Oslo

Solvor Finsrud Agerlie (32)

Oslo

Emil Askvik Hosøy (24)

Oslo

Marit Baslvik Winge (21)

Elvarli

Matilde Sunde Solsvik (23)

Rong

Synnøve S. Hefte (26)

Voss

Oskar Olsen (21)

Oslo

Dorthea Høstaker Nordheim (26)

Oslo

Frida Sollihagen Nilsen (20)

Valen

Tuva Heide Nedkvitne (24)

Norheimsund

Ranin Attia (31)

Oslo

Siri Elisabeth Gjøsæter Sortland (28)

Bremnes

Adam Ojowski(26)

Eikefjord

Siril Grevsnes Bratten (28)

Søgne

Henrik Nesbø Vatle (25)

Oslo

Mathilde Opsahl Barstad (23)

Bergen

Erik Waagbø (23)

Bergen

Vanja Haugen Stener (19)

Vinstra

Birte Kamille Øen (24)

Bergen

Lise Gjervik Hagenes (22)

Bergen

Newaj Shorif (31)

Volda

Ekspander/minimer faktaboks

26 kvinner og 13 menn har søkt på stillingane.

– I løpet av dei næraste dagane vil vi kalle inn og starte på intervjurunden, seier Lillesvangstu.

Dei fem praktikantane på kull 39 blir del av det første kullet som får opplæringa si i det nye nynorskhuset i Førde. Dei startar 21. august, og går over i ekstern praksis 1. januar 2024, og er heilt ferdige med opplæringa 29. februar.