Yunus frikjend i omstridd straffesak i Bangladesh
Nobelprisvinnar Muhammad Yunus, som skal leie ei overgangsregjering i Bangladesh, er frikjend i ei straffesak i landet, melder AFP.
Yunus blei tidlegare i år dømd til seks månader i fengsel på arbeidslova. Amnesty meiner dommen var politisk motivert.
No er dommen oppheva av ein domstol i landet.
Yunus har budd i utlandet etter at han blei sett fri mot kausjon i januar, men er no på veg tilbake til heimlandet.