Hopp til innhold

Ytre-høgre politikar driv valkamp på Lampedusa

Den italienske ytre-høgreleiaren Matteo Salvini har reist til Lampedusa for å drive valkamp. Den italienske øya ligg 113 kilometer unna Afrikas nordkyst, og er framkomststaden for tusenvis av migrantar som prøver å komme til Europa.

Salvini, som er leiar av paritet Ligaen, er kjent som ein innvandringsfiendtleg og EU-kritisk politikar.

– Italia kan ikkje ta imot titusenvis av innvandrarar som berre bringar med seg problem, sa han på onsdag ifølge AFP.

Dei siste dagane har det kome ei rekke overfylte båtar i dårleg stand til øya. Denne veka er det over 1500 menneske på øyas mottakssenter, som har ein kapasitet på 350.

Matteo Salvini
Foto: Laszlo Balogh / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no