Hopp til innhold

WWF: Betre budsjett for klima og natur

WWF Verdens naturfond er godt nøgde med at SV blei samde med regjeringa om statsbudsjettet for neste år. Dei meiner forhandlingane har gjeve eit betre resultat for klima og natur:

– Dette budsjettet kuttar meir utslepp enn regjeringa opphaveleg foreslo, og det reverserer nesten heile kuttet til skogvern, skriv generalsekretær Karoline Andaur i ein e-post til NRK.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no