Hopp til innhold

Widerøe avbryt reiser med mellomlandingar for barn som reiser åleine

Frå torsdag har flyselskapet Widerøe sett seg nøydd til å avbryta flyreiser for barn åleine og har ei flyging med ei eller fleire mellomlandingar.

Det opplyser kommunikasjonssjef i Widerøe, Catharina Solli til NRK. Selskapet har tatt kontakt med foreldra.

Årsaka til kanselleringa av enkeltbillettar for barn som reiser åleine er den pågåande flyteknikarstreiken.

Widerøe fryktar at barna skal bli ståande åleine på flyplassen om det skulle oppstå ein teknisk feil etter mellomlandinga.

Kanselleringa gjeld berre barn som reiser åleine via ei mellomlanding. Solli oppfordrar alle andre til å møta opp som normalt om dei ikkje høyrer frå flyselskapet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no