Hopp til innhold

WHO ventar hard sjukdomsvinter i Europa

Influensasesongen starta tidleg i Europa i år, i tillegg er det mange tilfelle av korona og uvisst korleis RS-viruset vil spreie seg.

Verdas helseorganisasjon, WHO, spår difor ein hard sjukdomsvinter.

– Regionen opplever for tida ei aukande spreiing av influensa og RS. Saman med covid-19 er det venta at desse virusa kjem til å ha stor innverknad på helsetenestene og folket i vinter, skriv WHO i ei fråsegn.

Dei understrekar difor at det er viktig at sårbare grupper vaksinerer seg mot både influensa og covid-19.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no