Hopp til innhold

WHO-sjefen: Verda ignorerer krisa i Etiopia

WHO-sjef Tedros Adhanom Ghebreyesus seier verda ignorer den humanitære katastrofen i Etiopia, skriv The Guardian. Ghebreyesus er sjølv på Tigray-regionen i landet, og har tidlegare kalla situasjonen for «den verste katastrofen på jorda».

WHO-sjefen sa at han ikkje hadde høyrt nokon av verdsleiarane i Vesten snakka om situasjonen i landet, og svara sjølv på spørsmålet om kvifor.

– Kanskje grunnen er fargen på huda til folket i Tigray.

I november 2020 starta konflikta mellom Tigray-folket sin frigjeringshær (TPLF) og Etiopia si regjeringsstyrte styrkar. Konflikta har ført til at fleire millionar menneske ikkje har tilgang på grunnleggande tenester, som vassforsyning, kommunikasjon, helse og bankstell.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no