WHO fryktar ny runde med vaksinehamstring

Verdshelseorganisasjonen (WHO) seier det framleis er usikkert om oppfriskingsdosar hjelper mot omikronvarianten, og åtvarar rike land mot å hamstre vaksinar, skriv NTB.

– Medan vi no er på veg inn i kva enn omikronsituasjonen viser seg å vere, er det ein risiko for at den globale forsyninga av vaksinar igjen vil gå til høginntektsland som hamstrar for å verne befolkninga si, på ein måte som er i overkant, seier WHOs vaksinesjef Kate O'Brien torsdag.

Utsegna hennar kjem etter at vaksineprodusenten Pfizer har hevda at tre dosar med vaksinen deira òg vil verne mot omikronvarianten.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no