Hopp til innhold

Vurderer regel om fastmonterte sete

Regjeringa har bede Helsedirektoratet om å vurdere om kravet til fastmonterte sete under kulturarrangement bør bli erstatta av andre krav, som krav til tilviste plassar.

Det opplyste kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V) på ein pressekonferanse tysdag.

I dag er det slik at det kan vere 200 personar til stades på arrangement dersom seta er fastmonterte. Dersom dei ikkje er det, kan det vere 10 personar til stades. Regelen har ført til debatt. Fleire julekonsertar måtte avlysast i førjulstida fordi kyrkjene ikkje hadde fastmonterte sete.

– No har Helsedirektoratet fått i oppdrag å sjå om tilviste plassar kan vere ei løysing. Men inntil dei har gjeve si tilråding, og regjeringa har konkludert, gjeld dagens reglar, sa Raja.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no