Vurderer å bruke den britiske hæren

Storbritannias statsminister Boris Johnson vurderer å bruke hæren for å hindre drivstoffmangel, melder The Guardian.

Over heile landet har det dei siste dagane vore tomme pumper og lange køar med britar som vil sikre seg drivstoff.

Reuters melder også at den britiske regjeringa vurderer å sette til sides konkurranselovene mellombels slik at konkurrerande bensinstasjonar kan samarbeide for å hindre drivstoffmangel.

Det er akutt varemangel i Storbritannia på grunn av mangel på lastebilsjåførar. På grunn av brexit har mange utanlandske sjåførar forlate landet. I tillegg har pandemien gjort at det har vore vanskeleg å få innreise.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no