Vurderar å skaffe koronamedisin
Helseministeren skal i løpet av kort tid avgjere om Noreg skal inngå ein direkteavtale med selskapet MSD om å få koronamedisin før jul.
Ifølgje Dagens Medisin har legemiddelselskapet tilbydd norske myndigheiter for å inngå ein direkte avtale med selskapet for å ta i mot legemiddel før jul, men då må avtalen signerast innan 30. november.
Andre land som Danmark og Storbritannia har inngått direkteavtale med MSD for å skaffe medisin før jul.