Vulkanutbrot på kanariøya La Palma

Ein vulkan på den spanske kanariøya La Palma har no eit utbrot, skriv Reuters. Bilde frå staden viser mykje oske og lava, og det brenn også i skogane rundt utbrotet.

Evakueringa har starta i områda nære vulkanen, melder lokale myndigheiter. Ein video frå brannvesenet viser lava og flammar på veg mot busetnad.

Det var venta at ein av vulkanane langs fjellkjeda Cumbre Vieja ville ha eit utbrot. I 11-tida søndag blei det registrert eit jordskjelv med styrke på 3,8, melder avisa El Mundo. Sjølve utbrotet starta like etter klokka 16.

Den siste veka har det vore kraftig seismisk aktivitet på øya, noko som førte til at myndigheitene har bedt folk å førebu seg på å evakuere.

Det bur omtrent 83.000 menneske på øya, som ligg utanfor kysten av det sørlege Marokko i Atlanterhavet. La Palma er ei vulkansk øy. Førre gong det var utbrot der var i oktober 1971.

Lava and smoke are seen followng the eruption of a volcano in Spain
Foto: Borja Suarez / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no