Votering om opningstid utsett
Stortinget debatterte tysdag forslaget om at Vinmonopolet kan ha opent til klokka 16 på laurdagar, men voteringa er utsett til i morgon. Debatten gjorde det klart at det er fleirtal for forslaget. Berre SV vil truleg stemma mot forslaget onsdag.