Hopp til innhold
Strengt vakthold i Asker og Bærum tingrett
Foto: Simon Solheim / NRK

Vold mot fengselsansatte

Oppsummert

En 31 år gammel står tiltalt i den mest omfattende straffesaken som omhandler vold, trusler og sjikane mot ansatte i norske fengsler. – Saken er ekstrem og uvanlig, sier fengselsdirektør Knut Bjarkeid ved Ila.

  • Dømt for 150 tilfelle av vald

    Ein 31 år gamal mann er dømd for 150 tilfelle av vald, truslar og sjikane mot fengselstilsette, men kan ikkje straffast av di han allereie sonar ein forvaringsdom. Mannen blir sett på som så farleg at han sit isolert på avdeling G på Ila fengsel og forvaringsanstalt.

  • Kom med nye truslar

    Mannen som er tiltalt for omfattande vald og truslar mot fengselstilsette, sa mellom anna at han ville kaste syre i andletet på ein av fengselsbetjentane han er tiltalt for å ha slått ned. – Eg vil ta ei ølflaske å knuse den i trynet hennar, forklarte han vidare.

  • Mann (31) gjentok truslar i retten

    Mannen som er tiltalt i den mest omfattande valds- og trusselssaka mot fengselstilsette i Noreg, kom med nye truslar i Asker og Bærum tingrett. Han slo også mot eit bilete av ein skadd fengselsbetjent som han skal ha slått ned i Ila fengsel og forvaringsanstalt.

  • – Tiltalte kan ikkje dømmast

    – Denne saka er annleis enn andre straffesaker. På mange matar. Tiltalte kan ikkje dømmast til fengsel eller tvungent psykisk helsevern for desse forholda fordi han soner ein forvaringsdom, sa statsadvokat Cecilie Schløsser Møller i sitt innleiingsføredrag.

    Statsadvokat Cecilie Schløsser Møller og politiadvokat Peter Risan
    Foto: Simon Solheim / NRK
  • Nektar straffskuld

    Mannen som er tiltalt for fleire tilfelle av vald og truslar mot fengselstilsette, vedgjekk ikkje straffskuld for nokon av tiltalepunkta, med unntak av eitt, sjølv om han skal å vedgått straffskuld for fleire av dei i politiavhøyr. Han er tiltalt i den mest omfattande straffesaka av sitt slag.

    Mann tiltalt for fleire tilfeller av vald mot fengselstilsette
    Foto: Simon Solheim / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no