Vil ta tid å løyse ubåtkrisa
Det vil ta tid å løyse ubåtkrisa sa Frankrikes utanriksminister Jean-Yves Le Drian, ifølgje NTB.
Le Drian snakka saman med den amerikanske kollega Antony Blinken i samband med FN si hovudforsamling på torsdag.
Presidentane Joe Biden og Emmanuel Macron hadde dagen før ein telefonsamtale. Dette var eit første skritt mot forsoning, meiner Le Drian.