Vil styrkje barns forbrukarvern

Barneombodet og Forbrukarrådet åtvarar mot ei open dør for kommersielle aktørar som går etter barn i marknadsføringa. Dei ber den nye regjeringa ta grep. Barns forbrukarvern i digitale medium er ikkje nemnde i Hurdals-plattformen, men dei to etatane ber i eit brev Ap-Sp-regjeringa sjå på saka, skriv Aftenposten.

– Barn blir utsett for reklame i stadig større grad. Forbrukarlovgivinga har ikkje følgt med den teknologiske utviklinga. Barn har behov for sterkt forbrukarvern, også på digitale medium. Det har dei ikkje i dag, heiter det i brevet.

Døra står på vidt gap for kommersielle aktørar som målretta går etter unge i marknadsføringa si, blir det åtvara.

– På dette området har vi sprunge etter problema veldig lenge og aldri vore i forkant. Sjølv for meg som jurist er lovverket ekstremt krevjande å få oversikt over, seier barneombod Inga Bejer Engh.

Barne- og familiedepartementet seier til Aftenposten at brevet frå dei to etatane skal bli vurderte.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no