Vil sikte Haitis statsminister

Haitis riksadvokat, Bedford Claude, har bede at statsminister Ariel Henry blir sikta for drapet på president Jovenel Moïse i juli, melder AFP. Claude bad statsministeren om å forklare seg om kvifor ein av dei hovudmistenkte ringde han to gongar få timar etter drapet.

Ein talsmann for Henry seier statsministeren ikkje er tilgjengeleg for kommentar. Presidenten blei skoten og drepen i heimen sin i juli. Kort tid etter drapet blei 20 personar gripne og sikta for drapet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no