Hopp til innhold

Vil selje sportsdrikken Prime utan koffein og vitamin A i Danmark

For tre veker sidan sa Mattilsynet i Noreg at sal av den populære sportsdrikken Prime var i strid med norsk regelverk fordi drikken hadde for høge nivå av vitamin A og koffein. Produkta blir likevel selde i fleire norske butikkar.

Også i Danmark har Prime skapt problem. I starten av mai blei sal av produkta stoppa fordi dei hadde for høge verdiar vitamin A og koffein.

No har Salling-konsernet, som driv daglegvarekjedene Netto, Bilka og Føtex, sagt at dei frå midten av juni vil selje ein versjon av Prime utan koffein og vitamin A.

– Det er midt i blinken for oss. Når vi kan sjå så stor etterspurnad etter eit produkt, som vi har sett med Prime, vil vi sjå om vi kan få det i hyllene, seier Jacob Krogsgaard Nielsen, kommunikasjonssjef i Salling Group til Berlingske Tidende.

– Det har vore spenning i forhold til Prime. Vi har måtta tilpasse innhaldet slik at det samsvarer med dansk lov. Det har no skjedd, og derfor gler vi oss veldig til å få det i hyllene, legg han til.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no