Vil ikkje etterforske varselskot

Spesialeininga for politisaker seier til NRK at dei ikkje kjem til å starte etterforsking av varselskotet som blei fyrt av i forbindelse med hendinga på Kongsberg onsdag kveld.

– Spesialeininga har ikkje etterforskingsplikt for varselskot, slik som vi har for retta skot. Og då er det opp til politimeister å vurdere om det er omstende ved varselskotet som gjer at saka bør bli sendt til oss, seier påtalefagleg etterforskingsleiar Alexander Fotland Iversen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no