Vil ha gransking av kjemiske angrep
FNs generalsekretær António Guterres vil ha ei ny etterforsking om angrep med kjemiske våpen i Syria. – Verdssamfunnet må finne ein måte å identifisere dei ansvarlege og stille dei til ansvar, sa Guterres under eit møte i FNs tryggingsråd torsdag.