Vil forby konverteringsterapi

Franske lovgivarar har einstemmig stilt seg bak forslaget om å forby konverteringsterapi mot LHBT-personar, og dessutan å straffe dei som praktiserer det, melder NTB.

– Konverteringsterapi er beklageleg. Det forårsakar enorme lidingar, sa helseminister Oliver Veran då den franske nasjonalforsamlinga einstemmig stemde for forslaget.

Forslaget skal no ein tur innom det franske senatet før det blir endeleg vedteke.

Blir forslaget like godt teke imot der, vil heretter alle aktørar i Frankrike som praktiserer den omstridde terapien, kunne straffast med både fengsel og bøter.

https://bilder.ntb.no/r/preview/editorial/Nyb4-vEn0os
Foto: Stephane De Sakutin / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no