Vil fase ut kol innan 2030

Tyskland skal ta sikte på å fase ut kol innan 2030, ikkje 2038 som er planen i dag, ifølge den foreløpige avtalen mellom partia som prøver å danne ny tysk regjering.

Sosialdemokratane SPD, Dei grøne og liberale FDP kunngjorde fredag at dei er klare til å gå inn i formelle forhandlingar om ein ny koalisjonsregjering.

Kol står for rundt ein tredel av det tyske energibehovet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no