Vil doble toll-studieplassar

Senterpartiet vil doble talet studieplassar på bachelorstudiet i tollfag ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Heile 2064 personar søkte om plass på det nye studiet, som har 35 plassar. Studiet er dermed Noregs mest populære.

Senterpartiets finanspolitiske talsperson, Sigbjørn Gjelsvik, seier det for mange er ein stor skuffelse å ikkje komme inn på studiet.

– I vårt reviderte statsbudsjett har vi foreslått ei dobling av talet studieplassar frå 35 til 70. Det vil gi UiS moglegheita til å sikre Tolletaten endå fleire kvalifiserte tollarar framover, seier han til NRK.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no