Vil anke domen mot Asap Rocky
Den 19 år gamle mannen som var den fornærma i valdssaka mot rapparen Asap Rocky og to andre, vil at domen skal bli anka, melder Expressen. Advokaten til 19-åringen seier han er misfornøgd. Alle tre blei dømd til vilkårsbunde fengsel for vald.