Viktig oppdrag før klimatoppmøte

Noreg og Singapore skal leie arbeidet med å få framdrift i forhandlingane om ein viktig del av regelverket for Parisavtalen.

Målet er å få til ei rettferdig ordning for registrering av internasjonal handel med utsleppsreduksjonar.

Saka blei ikkje løyst verken på klimatoppmøtet i Katowice i 2018 eller Madrid i 2019.

Presidenten for det tilsvarande møtet i Glasgow i november i år, den britiske statsråden Alok Sharma, har bedt Noreg om å leie ministerkonsultasjonane saman med Singapore.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no