Hopp til innhold

VG: Spansk luftrom opna igjen

Spansk luftrom er opna igjen etter at det fredag blei halde stengt fordi det var venta at delar av ein kinesisk romrakett kunne falle over Spania, melder VG.

Spanske luftkontrollørar skriv på Twitter at det kan ta litt tid før trafikken går som normalt igjen.

Det er ikkje uvanleg at delar av øydelagde romrakettar fell til jorda. Som regel landar dei i havet. Restane av romraketten skal vege rundt 20 tonn, ifølge den spanske avisa La Vanguardia.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no