Hopp til innhold

VG: Frp ber Riksrevisjonen granske Solberg-regjeringa

Frp-leiar Sylvi Listhaug har sendt brev til Stortinget der dei ber presidentskapen om å gå inn i alle moglege habilitetssaker dei siste ti åra. Det skriv VG.

– Vi meiner at Riksrevisjonen er best eigna til å føreta ei grundig, truverdig og uhilda gjennomgang av tidlegare statsrådar tilbake til 2013, seier 1. nestleiar i partiet, Hans Andreas Limi.

Riksrevisjonen er Stortinget sitt største kontrollorgan. Den overordna oppgåva er å føre kontroll med at staten sine midlar blir brukt og forvalta på ein økonomisk forsvarleg måte.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no