Hopp til innhold

Venter stillstand i det tyske transportnettverket på grunn av streik

Det tyske transportnettverket er venta å nærma seg stillstand når to av landets største fagforeiningar, Verdi og EVG, streikar måndag.

Tidleg måndag morgon, kan den tyske avisa Bild melda om stans i både innanlandsflygingar og togtrafikk fleire stader i landet, samt S-Bahn-trafikken i Berlin. Flyplassen i Berlin er unntatt streiken.

Frå Oslo lufthamn er førebels Eurowings-flyet til Hamburg innstilt, syner oversikta til Avinor.

Den 24 timar lange streiken er ein av dei største i Tyskland sidan 1990-talet, og påverkar jernbanen, flytrafikken, bussar og ferjer over heile landet.

Ein talsmann frå fagforeininga Verdi seier til avisa at medlemmene deira både er underbetalt og overarbeidde, og krev ei lønnsauke på 10,5 prosent på grunn av prisveksten. Fagforeininga EVG krev ei auke på 12 prosent.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no