Hopp til innhold

Ventar dårleg ver i Antarktis

Studieturen til Antarktis i samband med oppgradering av forskingsstasjonen Troll blir ein dag kortare enn planlagt. Årsaka er at det er venta dårleg ver i området.

Delegasjonen skulle etter planen reist heim natt til måndag, men har framskunda avreisa til laurdag kveld på grunn av det varsla uveret. Rundt 30 menneske frå regjeringsapparatet og fleire institusjonar, med klima- og miljøminister Espen Barth Eide og tre statssekretærar i spissen, deltek på studieturen. Dei kom til Troll torsdag.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no