Hopp til innhold

Vellukka studietur til Troll

Ein delegasjon med klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) og tre statssekretærar i spissen kom tilbake frå Antarktis natt til måndag, etter tre dagar på Troll.

– Studieturen til Troll gav oss viktig førstehandsinformasjon om den omfattande forskingsaktiviteten på stasjonen, og om kor viktig Troll er både for Norsk Polarinstitutt, KSAT, NILU, Meteorologisk institutt og andre aktørar. Besøket har også gitt oss eit betre grunnlag når vi skal ta ei avgjerd om kva alternativ som bør veljast for oppgradering av stasjonen, seier Eide til NRK.

Regjeringa skal ta stilling til dette i løpet av dei næraste månadene.

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide på Troll Airfield, Dronning Maud Land i Antarktis
Foto: Eivind Molde / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no