Hopp til innhold

Varslar streik i Storbritannia

Britiske tenestepersonar varslar ein månad med "pågåande streik" frå midten av desember. Dei har ikkje fått innfridd sine krav om lønsauke, betre pensjon og jobbtryggleik.

Streiken er i regi av Public and Commercial Services Union. Medlemene i den sjette største fagforeininga i Storbritannia jobbar for det meste for styresmaktene og i offentlege organ.

– Dersom styresmaktene ikkje lyttar til oss har me ikkje noko anna val enn å starte ein streik som når alle område av offentleg drift, sa generalsekretær Mark Serwotka i førre veke.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no