Hopp til innhold

Varslar gebyr til Stortinget etter datainnbrudd

Datatilsynet har no varsla Stortinget om eit gebyr på 2 millionar kroner i gebyr etter datangrepet hausten 2020.

Framande fekk tilgang til Stortinget sitt datasystem og e-postkontoane til både representantar og tilsette.

Datatilsynet meiner at Stortinget sin administrasjon ikkje gjorde nok for å ha eit høgt nok sikkerheitsnivå.

– Vi ser alvorleg på at det frå Stortinget si side ikkje var sett i verk gode nok tekniske tiltak som kunne ha avverga det som skjedde, til dømes gjennom tofaktorautorisering, seier direktør Bjørn Erik Thon i en pressemelding.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no