Valdshending i Stavanger

Politiet leitar etter to menn som er sikta etter ei valdshending i Stavanger tysdag kveld. Ein mann i 20-åra ligg skadd på sjukehus.

– Det er to menn, og dei er sikta i saka. Dei er ikkje gripne, og vi jobbar no med å lokalisere dei, seier politiadvokat Vivil Bredal i Sørvest politidistrikt til TV 2.

Tilstanden til offeret er uavklart. Bredal vil ikkje svare på om offeret og dei to sikta kjenner kvarandre.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no