Valdelege protestar i Irak

Etter drapet på ein regjeringskritisk aktivist var det sundag valdelege protestar ved Irans konsulat i den irakiske byen Karbala. Demonstrantane storma området rundt konsulatet og sette fyr på bildekk og deler av bygninga, skriv nyheitsbyrået DPA.

Opptøyane kom dagen etter at den irakiske aktivisten Ihab Jawad vart skoten og drepen av ukjende gjerningsmenn utanfor heimen sin i byen, ifølgje politiet. Drapet er det siste i ei rekke angrep mot irakiske aktivistar, der skulda vert lagt på proiranske militsar.

Demonstranter brenner bildekk utenfor Irans konsulat i Karbala i Irak
Foto: MOHAMMED SAWAF / AFP / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no