Uver tok minst 40 liv på Filippinane

40 menneske er stadfesta omkomne i flaum og ras etter eit kraftig uver på Filippinane, og minst 18 er framleis sakna.

7400 hus er øydelagde av den tropiske stormen «Kompasu», som ramma den nordlege delen av landet hardast.

Uveret har også gjort store skadar på avlingar, og styresmaktene meiner det er gjort skadar for rundt 540 millionar kroner.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no