Ødelagt hus etter uvær på Filippinene
Foto: SOCIAL MEDIA / Reuters

Uvêr på Filippinane

Oppsummert

Minst 126 menneske har omkome i jordskred og flaum etter uvêret på Filippinane. 25.000 menneske måtte forlate husa sine i dei verst råka provinsane.

  • Dødstala stig på Filippinane

    På Filippinane er minst 47 personar døde etter at tyfonen Phanfone trefte Filippinane på julaftan, opplyser landets katarstrofestyresmakter, melder DPA. Ytterlegare ni personar er sakna, og 140 er skadde. Fleire hundre tusen hus er skadde av uvêret.

  • 66.000 evakuerte på Filippinane

    66.000 menneske er evakuerte frå flaum på Filippinane. Det opplyser styresmaktene i landet. Det har vore ekstra mykje regn dette året, og fleire tyfonar har råka nord i landet. Tidlegare denne veka mista minst 13 menneske livet i tyfonen Kammuri.

  • 17 døydde i tyfon på Filippinane

    Talet på døde etter tyfonen Kammuri som råka Filippinane måndag er oppe i 17 personar. Rundt 495.400 menneske måtte evakuere under tyfonen, og mange har framleis ikkje kunna reise heim.

  • 11 døde på Filippinene etter tyfon

    Antall døde etter tyfonen «Kammuri» er oppe i 11, melder Reuters. Tyfonen traff områder sør for hovedstaden Manila. 345.000 mennesker oppholder seg fortsatt i evakueringssentre, skriver Reuters. «Kammuri» er den 20. tyfonen som treffer landet i år.

  • To personar døydde i tyfon

    To personar døydde i tyfonen som ramma Filippinane tysdag. Tyfonen har fått namnet Kammuri. Fleire måtte evakuere da tyfonen råka med vindkast på opp mot 65 meter i sekundet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no