Uvêr herja vest i Australia
Over 60.000 bygningar mista straumen måndag då uver råka delstaten Western Australia for andre dag på rad. Store nedbørsmengder og vindkast på opptil 27 meter i sekundet har ført til materielle skadar, men det er så langt ikkje meldt om personskadar.