Uvanleg kraftig sandstorm i Teheran
Ein uvanleg kraftig sandstorm har ramma den iranske hovudstaden Teheran i dag. Fleire bygningar er øydelagde, og straumen er borte i delar av byen. Det er målt vindkast på 125 kilometer i timen, og det er aldri tidlegare registrert så kraftig vind i byen, melder AFP.