Utset valet i Etiopia

Etiopia utset parlamentsvalet med vel to veker til 21. juni, opplyser styresmaktene.

Det er andre gang valet blir utsett.

Det skulle opphavleg ha vore arrangert i august i fjor, men flytta på grunn av koronapandemien.

Sidan då har det brote ut konfliktar i delar av landet.

Grunnen til den nye utsettinga skal vere forseinkingar i opning av vallokale og veljarregistrering.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no