skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Minst 43 drepne i Bagdad

Bombene i Bagdad i dag tidleg gjorde enorm skade. (Foto: AFP/Scanpix)
Bombene i Bagdad i dag tidleg gjorde enorm skade. (Foto: AFP/Scanpix)
Tre kraftige bomber eksploderte i løpet av 15 minutt på og ved ein travel busstasjon i Bagdad i dag tidleg. Minst 43 menneske er drepne.

Publisert 17.08.2005 06:33. Oppdatert 17.08.2005 17:38.
Av Bent J. Tandstad

Ei n irakisk soldat på åstaden der tre bomber tok livet av minst 43 menneske i dag. (Foto: AFP/Scanpix)
Minst 76 menneske er skadde, opplyser ei kjelde i det irakiske innanriksdepartementet til AFP. Det er truleg snakk om tre sjølvmordsaksjonar.

To bilar gjekk i lufta på busstasjonen Al Nahda like før klokka seks norsk tid i dag tidleg. Det vart meldt om mange drepne og skadde i desse angrepa.

Etter at ambulansar og hjelpearbeidarar kom til, køyrde ein ny bil lasta med sprengstoff inn i inngangen til eit sjukehus like ved busstasjonen. Mange av dei skadde vart tekne til nettopp dette sjukehuset.

Augevitne fortel at den tredje bomba var retta direkte mot politi- og ambulansefolk som kom til staden etter dei to første bombene.

Bombeangrepet skjer etter at det ikkje har vore større bombeangrep i Bagdad den siste veka. Leiarar for dei rivaliserande reiligiøse og etniske grupper i landet har i fleire veker arbeidd for å blir samde om ei ny grunnlov for Irak. Dei har ikkje greidd å kome fram til eit kompromiss.

I ei anna hending i Irak i dag er 11 irakarar, av dei seks soldatar, drepne av opprørarar i eit angrep på ein oljeleidning.

Fleire andre menneske er drepne i angrep ulike stader i landet i løpet av natta og føremiddagen.

Fire arrestert

Fire menn vart arrestert i ettermiddag mistenkt for å stå bak dei tre sjølvmordsbombene i Bagdad i dag, melder ein statleg irakisk tv-kanal.

1.100 døde i juli

I dag offentleggjorde også likhuset i Bagdad sørgelege tal. I juli månad tok likhuset imot 1.100 døde sivile.

Tala for juli er dei høgaste som nokon gong er registrert ved det medisinske instituttet i Bagdad, seier eit medlem av ledelsen ved likhuset til den britiske avisa The Independent.

(NRK-AFP-Reuters)

Ein fortvila irakisk mann i ruinane av det som var ein bygning. (Foto: AFP/Scanpix)



Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no