skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Attentat mot diplomat i Irak

Diplomaten Hassan al-Ansari vart ikkje alvorleg såra i attentatet. (Foto: AP/Scanpix)
Diplomaten Hassan al-Ansari vart ikkje alvorleg såra i attentatet. (Foto: AP/Scanpix)
Bahrains utsending til Irak vart skadd i eit attentat i Irak i dag tidleg, tre dagar etter at Egypts ambassadør vart bortført.

Publisert 05.07.2005 07:40. Oppdatert 05.07.2005 12:57.
Av Bent J. Tandstad

Det var tidleg i dag at det vart skote mot bilen til diplomaten frå Bahrain, Hassan al-Ansari, då han var på veg til jobb. Han vart treft i handa av eitt skot, og er ikkje alvorleg skadd, blir det opplyst frå sjukehuset.

Den bahrainske deiplomaten vart skoten medan han sat i denne bilen i Bagdad i dag tidleg. (Foto: Reuters/Scanpix)
Nyheitsbyrået Reuters melder at det var minst åtte menn som opna eld mot diplomaten sin bil i den velståande bydelen Mansour i Bagdad.

Bortføring

Augevitne fortel at det verka som om angriparane først hadde tenkt å bortføre mannen. Dei prøvde å få han til å forlate bilen, men Ansari berre køyrde vidare. Det vart det skote mot han.

I ettermiddag vart det skote mot ei gruppe køyrety tilhøyrande den pakistanske ambassaden i Bagdad i same bydelen i Bagdad. Ingen vart skadd i skytinga.

Sist laurdag vart den egyptiske utsendinga til Irak bortført i Bagdad, også det i bydelen Mansour, og han er framleis sakna. Dei som stod bak bortføringa har ikkje gitt lyd frå seg.

Desse tre hendingane kan vere del av ein ny taktikk frå opprørsstyrkane i Irak, der målet er å ramme utsendingar frå andre muslimske land som støttar det nye regimet i Irak.

Dette kan føre til at land som i utgangspunktet støttar det nye regimet kan bli skremde frå å sende diplomatar til Irak.

Nye angrep

Samstundes held angrepa mot menneske som arbeider for dei nye irakiske styresmaktene fram. I dag tidleg vart fire kvinnelege tilsette ved flyplassen i Bagdad skotne og drepne då dei var på veg til jobb. Tre andre vart såra i angrepet, opplyser ei kjelde i det irakiske innanriksdepartementet til AFP.

Ei bombe eksploderte like utanfor den iranske ambassaden i Bagdad. Målet var ei amerikansk kolonne, og ei sivil vakt vart skadd. Ambassaden vart ikkje skadd i eksplosjonen.

Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no