skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

USA lettar presset på Najaf

Dei amerikanske okkupasjonsstyrkane reduserer nærværet sitt utanfor den omringa byen Najaf, der opprørsleiaren Moqtada al Sadr held til.

Publisert 19.04.2004 09:05. Oppdatert 19.04.2004 11:03.
Oberst Dana Pittard (i midten) er sjef for soldatane som har kringsett den irakiske byen Najaf. (AP/Scanpix-foto)

Moqtada al Sadr er sjef for militsen som kjempear mot dei amerikanske soldatane i Najaf. (Scanpix-foto)

Av Bent J. Tandstad

Oberst Dana Pittard, sjefen for 2500 soldatar frå den tredje amerikanske Task Force-brigaden, seier at soldatane blir trekte tilbake i løpet av dei første dagne. Dei skal erstattast av rundt 2000 soldatar frå ein panserdivisjon.

- Dette betyr at vi ventar med å få inn for å ta Moqtada al Sadr, seier Dana Pittard til nyheitsbyrået Reuters i føremiddag.

Den amerikanske militære leiinga i Irak har tidlegare sagt at dei har planar om å drepe Sadr eller ta han til fange, og knuse militsen hans.

Pittard seier at den amerikanske styrken rundt byen kan reduserast fordi det pågår forhandlingar med Sadr og styrken hans for å få til ei fredeleg løysing på den fastlåste situasjonen.

Moqtada al Sadr bad også i dag opprørssoldatane i Irak om å stanse angrepa på dei spanske soldatane i okkupasjonsstyrken. Bakgrunnen er truleg at den nye spanske regjeringa har sagt at landet skal trekkje soldatane sine ut av Irak.

Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no