skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Fem drepne av bomber i Irak

Minst tre menneske vart drepne då ei kraftig bilbombe eksploderte i den irakiske byen Samarra i dag tidleg. Seinare på dagen vart to amerikanske soldatar drepne av ei bombe i Fallujah.

Publisert 24.01.2004 09:10. Oppdatert 24.01.2004 13:33.
Av Bent J. Tandstad

Det er ein talsmann for dei lokale styresmaktene i Samarra som opplyser dette. Eksplosjonen skjedde litt før klokka 08.30. Det var ein lastebil fullasta med sprengstoff som gjekk i lufta. Det er førebels uklart om det er snakk om ein sjølvmordsaksjon.

Sju amerikanske soldatar skal vere blant dei skadde, men ingen av dei har alvorlege skadar.

Nyheitsbyrået AFP melder at eksplosjonen skjedde utanfor ein rettsbygning, medan Reuters brukar uttrykket offentleg bygning. Politihovudkvarteret i byen ligg vegg i vegg med bygningen som vart mest øydelagd i eksplosjonen.

Samarra ligg 125 kilometer nord for hovudstaden Bagdad, midt i det som blir kalla sunni-triangelet, eit område der sunni-muslimane er i klart fleirtal.

Det har vore fleire bombeangrep mot politistasjonar og rettsbygningar i Irak. Gruppene som kjempar mot den amerikanske okkupasjonen meiner at irakisk politi og rettsvesen samarbeider med okkupasjonsstyrken, og at dei difor er legitime mål for slike angrep.

I dag startar to tryggingsekspertar frå FN eit oppdrag i Irak, for første gong sidan FN trekte ut sine folk etter fleire bombeaksjonar mot organisasjonen i fjor.

Nord for byen Falluja nord i Irak vart to amerikanske soldatar drepne då ei heimelaga bombe eksploderte ved bilen dei køyrde i. Dermed er 236 amerikanske soldatar drepne i Irak etter at George W.Bush erklærte at dei store krigshandlingane var over 1. mai.




Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no