skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

- Tyranniet over i Irak

- Det 30 år gamle tyranniet til Saddam Hussein i Irak er endeleg over, og vil aldri kome tilbake, seier USAs president George W. Bush.

Publisert 15.12.2003 17:31. Oppdatert 15.12.2003 20:18.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Av Bent J. Tandstad

- Innbyggjarane i Irak er kvitt ei kjelde til frykt, sa Bush på ein pressekonferanse i Det kvite hus i ettermiddag norsk tid.

Slutt

- Ved at Saddam Hussein no er teken til fange, har fiendane av eit fritt Irak mist leiaren sin og mist håpet om å kome tilbake til makta, sa Bush.

USAs president George W. Bush på pressekonferansen i Det kvite hus i ettermiddag. (Foto: AFP-Scanpix)

Slik såg Saddam Hussein ut då han vart teken til fange laurdag. (Foto: AFP-Scanpix)

- Baath-partiet sitt tyranni i Irak er endeleg over, sa den amerikanske presidenten, som i dag var direkte på fjernsyn for andre gong etter at nyhendet om at Saddam Hussein var teken til fange, vart kjend i går.

Bush gjorde det likevel klart at det framleis er farleg i Irak. Terrroristane i Irak er framleis farlege, og arbeidet til den USA-leidde koalisjonen som okkuperer i Irak vil framleis vere vanskeleg, og vil krevje offer, sa han blant anna.

Open rettssak

Den amerikanske presidenten sa også at rettssaka mot Saddam Hussein må vere open og offentleg, og at irakarar må vere involverte i rettsprosessen. Bush avviste kategorisk at det blir snakk om å forhandle med den irakiske eks-diktatoren.

- Eg stolar ikkje på Saddam Hussein. Eg trur ikkje han vil fortelje sanninga, så det er heilt naudsynt å stille han for ein domstol, sa George W. Bush.

Bush sa også at han hadde ei personleg meining om kva straff Saddam Hussein burde få, men at hans personlege syn ikkje er viktig. Dette er opp til innbyggjarane i Irak, sa han.

Personleg helsing

Bush kom også med ei personleg helsing til Saddam Hussein:

- Spelet er over, herr Saddam Hussein. Verda er ein betre stad utan deg. Og eg synest det er interessant at når det byrja å brenne rundt deg, så grov du deg ei hole og gøymde deg.

Bush rekte også ut ei hand til Frankrike og Tyskland, som har vore motstandarar av USAs krig i Irak. No meiner Bush at han er klar for å samarbeide med dei to landa igjen om Irak.

Bush understreka at samrbeidet med Frankrike og Tyskland var godt om operasjonane i Afghanistan og forholdet til Iran.

Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no