skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Ny bombe mot FN i Bagdad

To personar vart drepne og minst 17 skadde då ei bilbombe eksploderte utanfor hotellet som husar hovudkvarteret til FN i Bagdad i dag tidleg.

Publisert 22.09.2003 06:56. Oppdatert 22.09.2003 13:16.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Av Bent J. Tandstad

Ein amerikansk militær talsmann, kaptein Sean Kirley, stadfestar overfor nyheitsbyrået Reuters at det er snakk om ein sjølvmordsaksjon. I tillegg til sjølvmordsbombaren vart ei tryggingsvakt ved FN-hovudkvarteret drepen i eksplosjonen. Dei fleste av dei 17 skadde er også tryggingsvakter.

To menneske vart drepne og minst åtte skadde i ei sjølvmordaksjon utanfor FN-hovudkvarteret i Bagdad i dag tidleg. (Foto: Reuters TV)


Det var tidleg i dag at ein bil vart sprengd i lufta på parkeringsplassen utanfor Canal Hotell, der FN har hovudkvarteret sitt.

Stansa bilen

Sean Kirley seier at det verkar som om tryggingsvakta stansa bilen, og at bomba vart utløyst medan vakta snakka med sjåføren av bilen. Dette skjedde rundt 250 meter frå hotellet. Seks andre køyrety vart øydelagde i den kraftige eksplosjonen. Han er ikkje i tvil om at det var FN-kontora som var målet for sjølvmordsbombaren.

19. august vart 22 menneske drepne i ein sjølvmordsaksjon mot FN-houdkvarteret. Ein lastebil fullasta med dynamitt eksploderte utanfor hotellet. Blant dei omkomne var sjefen for FN sine operasjonar i Irak, Sergio Vieira de Mello.

Saddam Hussein

Amerikanske styresmakter har skulda irakarar som støttar den avsette presidenten Saddam Hussein, eller militante grupper knytte til Al Qaida, for å ha gjennomført sjølvmordsaksjonen.

Det som skal ha vore Saddam Hussein sa i eit lydbandopptak på ein arabisk fjernsynskanal nyleg at hans folk ikkje hadde noko med attentatet mot FN-hovudkvarteret i Bagdad å gjere.

Ein mann som skal vere ein av toppane i Al Qaida-nettverket sa på eit anna lydbandopptak på ein arabisk fjernsynsstasjon at heller ikkje Al Qaida var ansvarleg for dette angrepet.

Det var ikkje mykje att av bilen til sjølvmordsbombaren.


Skandale

Jan Egeland, nyutnemnd visegeneralsekretær for FN sitt naudhjelpsarbeid, meiner det er ein skandale at FN-tilsette ikkje kan drive sitt viktige hjelpearbeid utan frykt for sin eigen tryggleik.

Jan Egeland er visegeneralsekretær i FN. (Scanpix-foto)
- Bombeangrepet mot FN-hovudkvarteret i Bagdad set framleis sitt preg på dei tilsette i FN-bygningen i New York, seier Egeland. Situasjonen blir ikkje betre av det som skjedde i Bagdad i dag tidleg.

Egeland sit i kontoret sitt i 36. etasje av den enorme FN-bygningen i New York. Han tek dagleg mot rapportar der hjelpearbeidarar over heile verda blir trua eller drepne.
Han overtok kontoret i FN-bygningen frå Sergio Vieira de Mello, som vart drepen av terroraksjonen i Bagdad 19. august.

Fri tilgang til offera og tryggleiken for dei humanitære operasjonane er Jan Egeland sine hovudprioriteringar.

- Mange stader kjem vi ikkje fram til offera, og vi må jobbe systematisk mot dei regima som hindrar oss, seier han i eit intervju med NTB.

Han reknar med at dette blir eit sentralt tema under generaldebatten i FNs hovudforsamling.

Minimumsnivå

For tida held FN sine program for matdistribusjon, medisinsk naudhjelp, skule, vatn og sanitær i Irak på eit minimumsnivå. Berre 120 internasjonalt tilsette er i landet, mot 700 før 19. august. Dei fleste er tryggingsekspertar og teknisk tilsette som bygg bombesikre kontor og overnattingsstader for FN-tilsette.

- Så snart tryggingssituasjonen er god nok, skal talet på FN-tilsette sakte byggjast opp igjen, seier Jan Egeland.



Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no