Kurdiske soldatar i detnordlege Irak har funne ei instruksjonsbok for bruk av kjemiske våpen ved ei av stillingane som kurdarane tok frå den irakiske hæren sist helg.
Av
Bent J. Tandstad
NRK-reporter Haakon Børde er i Nord-Irak, ved fronten mellom områda som er haldne av kurdiske grupper og områda som er kontrollerte av den irakiske hæren. Han har i dag møtt den kurdiske kommandanten som har handboka.
|
NRK-reporter Haakon Børde er på frontlina mellom kurdiske og irakiske styrkar i Nord-Irak. |
Skyttargrav
Sist helg tok dei kurdiske soldatane den aktuelle stillinga frå irakiske soldatar. I dag, i graset like ved ei skyttargrav, fann ein kurdisk soldat instruksjonsboka for bruk av kjemiske våpen. Irak har stått hardt på at dei ikkje lenger har kjemiske eller biologiske våpen.
Haakon Børde opplyser at instruksjonsboka er merkt topp hemmeleg, og det er ein bodskap skriven av Saddam Hussein i boka til dei "kjemiske styrkane". Handboka gjer også greie for kvifor det kan vere aktuelt å bruke kjemiske våpen mot fienden.
Det blir også gitt instruksjonar i korleis ein skal verne seg mot slike våpen. Vidare blir det gjort greie for verknaden av kjemiske våpen, og diverse teknikkar for bruk av slike stoff. Handboka er frå 1986.
Usikkert
Oberstløytnant Terje Torsteinsson ved Forsvarets stabsskole meiner at funnet av instruksjonsboka kan bety to ting. Det kan bety at det i gammal militær tradisjon blir teke vare på gamle manualar og handbøker, utan at dei har tilgjenge til slike våpen i dag.
Torsteinsson meiner det også kan bety at dei irakiske styrkane har kjemiske våpen, eller har prosedyrar for bruk av slike våpen.
|
Kurdiske soldater jublar etter at irakiske soldatar har forlate ei av stillinane i Nord-Irak. (Foto: Caren Firouz) |
- Det er vanskeleg å seie noko sikkert om Irak vil bruke kjemiske våpen, men det er teikn som tyder på at dei kan gjere det når dei er skikkeleg pressa, seier Torsteinsson.
Verneutstyr
Han seier at dei amerikanske og britiske soldatane er førebudde på kjemisk krigføring, og har godt verneutstyr. Torsteinsson trur difor bruk av kjemiske stridsmiddel kan gå verst ut over dei sivile, som ikkje har noko å verne seg med.